Våre produkter:
Logg inn
Ny brukar?
Her finn du oss

kart Klikk for å sjå kart
Timebestilling
Privilegium
Linser

Velkomen til Optikar Bjelland

 

 

Kjære kunde!

Optikar Bjelland A/S opna i Norheimsund 6. februar 1995.

Om Synsprøven

Me har frå starten kunna tilby vanlege synsprøvar og kontaktlinsetilpasningar. I 2006 fekk me godkjenning for bruk av diagnostiske medikament. Dermed kan me lettare oppdage augesjukdomar og andre sjukdomar som påverkar auga og i tillegg ta endå meir eksakte synsprøvar.
 
Frå januar 2009 har me samarbeid med augelækjar, professor Johan Seland, som tek imot pasientar hjå oss ca ein gong i månaden.

I mai 2009 fekk me også installert OptoMap - eit instrument som ved hjelp av laserteknologi gjer det mogleg å ta bilete av mest heile netthinna inne i auget. Dette er heilt ny teknologi som gjev oss nye moglegheiter til å finna endringar på netthinna. Dermed kan ein raskare koma til behandling om det skulle trengast.

Om mote

Dei fleste brillekonsulentane våre har gjennomgått relevante kurs innan stil, form, farge og  brillemote. Blant anna hos Astrid Tomas. I tillegg har dei  lang erfaring i å rettleia ved val av innfatning slik at han både kler deg godt og fungerer godt teknisk. 
 

Vår eigen nettbutikk

I mai 2004 starta me eigen nettbutikk for sal av kontaktlinser. Den kan ha andre prisar og  endå fleire produkt enn den nye felles- nettbutikken som ligg på framsida her. Du kan gå inn og sjå på  
http://c-linser.no

 

Hos oss får du:
Fordelsprogram for merkevarebriller
Delbetaling utan renter og gebyr
Designersolbriller med eller utan styrke til same pris
Komplette briller frå kr 595,-
Kontaktlinser heim i postkassen kvar månad
Den største optikarkjeden i Noreg

Publiseres med eRedaktør
Logg inn